Bokmelding: Jeanette Bjørke

Tynt om psykisk helsevern

083-084

Michael 2023; 20: 83–4.

Trond F. Aarre

Hvis psykisk helsevern ikke fantes: psykiatri for ikke-psykiatere

Bergen: Fagbokforlaget, 2022

185 s.

ISBN 978-82-450-4104-0

Hvis psykisk helsevern ikke fantes er ei lettlesen bok med ni kapittel. Forfattaren, som er psykiater, omtaler enkle samtaleteknikkar, tilbodet innan psykisk helsevern og lovgrunnlaget for helsehjelp, og forklarar skepsisen sin overfor psykiatriske diagnosar og kva følger det bør ha. Sistnemnde står fram som hovudbodskapet i boka.

Forfattaren held fram at livet skjer, og alt av vonde kjensler er ikkje og bør ikkje bli diagnostisert som psykiske lidingar. Han spør retorisk: Hvor mye dametrøbbel skal løses av psykolog? Gjennom boka siterer han skjønnlitterære verk med levande skildringar av korleis psykiske symptom kan arte seg. Aarre har stor tru på at mykje god psykisk helse kan kome av at vanlege folk trør til og snakkar med kvarandre dersom dei får litt hjelp.

Det er uklart kven som er målgruppa for boka. I innleiinga står nemnt studentar i sosial- og samfunnsfag, og tilsette i skule og NAV. Gjennom boka vekslar Aarre mellom å snakke til ein hjelpar i tredje person og til å vende seg direkte til ein person som søkjer hjelp.

Fagleg er nivået enkelt. Oversikta over behandlingsapparatet er kortfatta og oversiktleg, og klart mynta på ein person som ikkje har noko erfaring med psykisk helsevern. Dei ti hugselappane som går som ein raud tråd gjennom boka, er basert på grunnleggande kommunikasjonsteknikkar, som «Møt medmennesker med respekt» og «Ikke ta makten eller ansvaret».

Det største problemet at den røynda Aarre skildrar av psykisk helsevern ikkje er til å kjenne att for meg som klinikar. Aarre ser ut til å meine at dersom ein nyttar psykiatriske diagnosar og har tru på nytteverdien av dei, unnlét ein å sjå pasienten som eit medmenneske, som ein ressurs eller som ein eigen person i ein sosial kulturell kontekst. Eg erfarer tvert om. Å tenke diagnostisk utelukkar ikkje at ein er nyfiken på kva som gjer at symptoma dukkar opp akkurat no i akkurat denne settingen hos denne personen. Det er også vanskeleg å kjenne igjen dei pasientane Aarre i hovudsak skildrar. Det er lett å vere samd i at livshendingar ikkje er ei oppgåve for spesialisthelsetenesta, men det er vanskeleg å forstå kva Aarre meiner alternativet er til diagnosar for alvorlege psykiske lidingar.

Aarre kjem med eitt syn i ein debatt kring psykiatriske diagnosar, men andre faglege syn kjem ikkje godt fram. Aarre avsluttar med: «Hvis psykiatrien ikke fantes, måtte vi vel alle være allmennpraktiserende medmennesker. Som jeg håper denne boken har vist, så tror jeg det kunne gått riktig bra.» Forfattaren argumenterer ikkje overtydande for at dette er riktig.

Jeanette Bjørke

Jeanette Bjørke er spesialist i psykiatri ved ettervernspoliklinikken, Stavanger distriktspsykiatriske senter.